Gem annonce
Helse Bergen, Voss sjukehus

Helse Bergen, Voss sjukehus,

Bergen
25-07-2019

Overlege i kardiologi

Kontakt

Helse Bergen, Voss sjukehus

Sjukehusvegen 16,
5704
Bergen
Norge
Praktisk information
Oprettet:
25-07-2019
Udløber:
31-08-2019
Kviknummer:
LJA-74554287
Jobtype:
Fuldtid
Arbejdsområde:
Kardiologi
Beliggenhed

Voss sjukehus, Helse Bergen

Er du spesialist i kardiologi har vi ledig overlegestilling til deg på Voss sjukehus

Voss sjukehus satsar på kardiologien og har ledig ei fast stilling frå hausten 2019. Kanskje du har lyst på eit eventyr i Vestlandet si vakraste bygd på eit av dei beste lokalsjukehusa i landet?

Stillinga er knytt til Medisinsk avdeling med for tida 6-delt vaktordning for overlege som tertiærvakt bak LIS 1 og LIS 2/3. Vaktordninga er basert på heimevakt.

Medisinsk avdeling har sju overlegestillingar og dekkjer spesialitetane lungemedisin, nefrologi, fordøyelsessjukdomar, hematologi og kardiologi. Avdelinga har ein sengepost med 26 senger, 1 dagpost for medisinske kurar, dialyseavdeling, intensiv/overvakingsavdeling med seks sengeplassar. Det arbeider 19 legar ved avdelinga per i dag.

I 2018 hadde medisinsk avdeling 2488 avdelingsopphald, 10150 polikliniske konsultasjonar og ein aktvitet som var tilsvarande 2750 DRG.

Kardiologien ved sjukehuset har vore i vekst. Det er ultramoderne ustyr tilgjengeleg i poliklinikken med god bemanning og godt arbeidsmiljø. Våre kardiologar arbeider mest med kardiologiske konsultasjonar av både polikliniske og inneliggjande pasientar. Din faglege profil kan du sjølv vere med på å utvikle. Voss sjukehus har som mål å stimulere til større forskingsaktivtet.

Vi kan tilby eit triveleg arbeidsmiljø og eit stabilt og dyktig personale. Det er særs gode mogelegheiter for fagleg utvikling gjennom det nære samarbeidet med Haukeland universitetssjukehus.

Stillinga inngår i vaktordning og er ledig frå 01.10.2019 eller etter avtale med avdelingsoverlege.

Sjukehuset har gode støttetenester innanfor anestesi, intensiv/rec., radiologi med CT -og MR lab., fysioterapi avdeling og laboratorium med blodbank.

Voss sjukehus har full akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde, gynekologi og anestesi. Sjukehuset har hatt aktivitetsvekst og ynskjer å fortsette den positive utviklinga. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar, fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn og frå Hardanger.

Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane er opna i desse dagar og ligg nokre steinkast frå sjukehuset. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.

Synest du dette er freistande? Nøl ikkje ta kontak via epost eller telefon. Vi kan tilby deg reise og opphald om du ynskjer å kome på synfaring på sjukehuset vårt - for å kjenne på den gode stemninga.

Kvalifikasjonar

  • Du har norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning i kardiologi

  • Du må meistre norsk språk både skriftleg og munnleg

  • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekomande og viser respekt

  • Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø

  • Du er bevisst eigne avgrensingar, be om hjelp samt melder avvik om det oppstår

  • Du har engasjement for fagfeltet og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din

  • Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring

 

Personlege eigenskapar

  • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor pasientar og andre samarbeidspartnarar

  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeidar strukturert og målretta på jobb

  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper

  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende. Kan delegere og følgje opp delegerte oppgåver

 

Vi tilbyr

  • Vi har eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø. Hos oss helser vi på kvarandre i gangane og har ein kantinekultur vi er stolte av

  • Vi har ei sterk identitet som ei av Noregs mest kjende kulturbygder, og tek vel i mot nye innbyggjarar

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom Helse Bergen og Dnlf

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

  • Triveleg arbeidsmiljø

  • Voss sjukehus vil kunne hjelpe med passande bustad

 

 Kontaktinformasjon

Anita Spikkeland, Avdelingsoverlege

 480 70 022 / 56 53 35 00

 inga.anita.spikkeland@helse-bergen.no

Olav Terje Lødemel, Direktør

 920 90 310 / 56 53 35 00

 olav.terje.lodemel@helse-bergen.no 

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no  eller facebook.


Du har ikke knyttet nogen dokumenter til din ansøgning. Klik på 'OK' knappen nedenfor for at sende din ansøgning alligevel eller klikke på knappen "Annuller" og vedhæfte dokumenter, før du sender din ansøgning igen

Lignende job
Medicinsk Afdeling M/FAM, Svendborg
Svendborg, Fyn
Region Syddanmark, OUH Svendborg Sygehus
Svendborg, Fyn
Har du læst?
 

nr. 14/2016