Gem annonce
Helse Bergen

Helse Bergen,

Bergen
11-01-2021

Overlege

Kontakt

Helse Bergen

Haukeland Universitetssjukehus
5053
Bergen
Danmark
Praktisk information
Oprettet:
11-01-2021
Udløber:
01-02-2021
Kviknummer:
LJA-81567265
Jobtype:
Fuldtid
Arbejdsområde:
Neuromedicin
Beliggenhed

Nevroklinikken/ Neuro-SysMed, Helse Bergen

Om Neuro-SysMed

Neuro-SysMed er eit NFR-finansiert forskingssenter for klinisk behandling i nevrologi, med Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen som vertskap. Senteret er leia av professor Kjell-Morten Myhr (senterleiar og ansvarleg for multippel sklerose) og professor Charalampos Tzoulis (vise-senterleiar og ansvarleg for nevrodegenerasjon). Neuro-SysMed gjennomfører grensesprengande klinisk forsking, med ambisjon om å oppdage og prøve ut effektiv behandling for: Parkinsons sjukdom (PD), fleire formar for demens inkludert Alzheimers sjukdom (AD), multippel sklerose (MS) og amyotrofisk lateral sklerose (ALS). At vi kan tiltrekke oss, og behalde, arbeidstakarar med høg kompetanse er ein fundamental føresetnad for vidare suksess i senteret.
 
Meir informasjon om Neuro-SysMed: https://neuro-sysmed.no/
Parkinson-gruppen: https://neuromics.org/

Om nevrologisk avdeling

Nevrologisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus driv utgreiing og behandling av nevrologiske lidingar. Avdelinga har over 30 legestillingar og dekkjer både akutt- og rehabiliterande nevrologi. Avdelinga samarbeider tett med avdeling for Klinisk nevrofysiologi og tek del i samarbeidet i  Senter for søvnmedisin. I tillegg til pasientbehandling driv avdelinga med omfattande forskingsaktivitet.
 
Meir informasjon om Nevrologisk avdeling: https://helse-bergen.no/avdelinger/nevroklinikken/nevrologisk-avdeling

Om stillinga

Vi tilbyr ein fantastisk moglegheit for ein forskingsinteressert nevrolog til å jobbe med banebrytande kliniske studiar innanfor Parkinsons sjukdom og andre nevrodegenerative lidelser. Den som tilsetjast, blir del av Nevrologisk avdeling si overlegegruppe, inkludert arbeid som bakvakt, for tida i 17 delt turnus, og ferieavvikling planleggjast saman med overlegegruppa. Men arbeidet utanom vakt er elles heilt knytta til studieaktiviteten i forskningssenteret Neuro-SysMed. I denne stillinga vil du delta i omgrepsdanning, design og gjennomføring av kliniske studiar som sikter mot å belyse mekanismar, utvikle biomarkørar og teste nye behandlingar for pasientar med Parkinsons sjukdom og andre parkinsonismar. Det kan også være aktuelt å bidra i studiar innanfor andre av sjukdommane ved Neuro-SysMed. Oppfølging av studiepasientar vil være en del av den polikliniske driften ved Nevrologisk avdeling. Du vil jobba saman med ei tverrfaglig gruppe av leger og forskarar med ekspertise på klinisk, molekylær og datateknisk nevrovitskap, på Neuro-SysMed senteret. I denne stillinga vil du bygge klinisk spisskompetanse som spesialist i bevegelesforstyrringar og få særs gode moglegheiter for karriereutvikling og vekst. 

Arbeidsoppgåver 

  • Delta i omgrepsdanning og design av studiar og studieprotokollar
  • Koordinere søknadar til regional etisk komité (REK), legemiddelverket, personverneombod og andre instansar om godkjenning av planlagde studiar
  • Delta i koordinasjon av kliniske studiar
  • Gjennomføre kliniske studiar, inkludert utval, rekruttering og undersøking av pasientar og kontrollar, datainnsamling, registrering og så vidare
  • Delta i dataanalysar og skriving av vitskapelege artiklar
  • Delta i søknadar om ekstern finansiering for våre kliniske studiar
  • Delta i bakvakt-turnusen til nevrologisk avdeling, som for tida er 17-delt

Naudsynte kvalifikasjonar, ferdigheter og erfaring (påkrevd): 

  • Godkjend norsk autorisasjon som lege 
  • Spesialist i nevrologi
  • Meistre norsk, både skriftleg og munnleg
  • Meistre engelsk, både skriftleg og munnleg

Viktig kunnskap, ferdigheiter og erfaring (ønskes)

  • Klinisk erfaring med Parkinsons sjukdom og andre nevrodegenerative sjukdomar 
  • Erfaring med systematisk undersøking og utgreiing av pasientar med Parkinson sjukdom, inkludert standard skala i feltet (t.d. UPDRS, MOCA, etc.).
  • Relevant forskingserfaring er ein fordel 
  • Erfaring med kliniske studiar er ein fordel 
  • Erfaringar med kommunikasjon, forhandlingar og koordinering i miljø med fleire team
  • Kreditert som første eller siste forfattar i relevante publikasjonar

Personlege eigenskapar 

  • Har ønskje og interesse i å jobbe med parkinsonisme og andre nevrodegenerative sjukdomar
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Kan bidra til godt samarbeid og eit godt arbeidsmiljø
  • Er pågåande og har eit ønskje om innovasjon og å gjera ein skilnad
  • Er villig til å ta ansvar for prosessar, og følgjer dei til dei er fullførd
  • Er særs god på å arbeide på eit lag
  • Visar initiativ og har høg arbeidskapasitet
  • Er i stand til å motivere andre og etablere samarbeid på tvers av miljø
  • Er villig til å gjere seg kjend med nye emne og område
  • Er god på å arbeide strategisk, strukturert og med sikte på fristar
  • Arbeider sjølvstendig og er god på problemløysing

Vi tilbyr 

  • Fagleg og personleg utvikling i eit sterkt fagleg, internasjonalt og triveleg arbeidsmiljø
  • Spennande jobb-utfordringar, med gode muligheiter for karrierebygging 
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst 
  • Medlemskap i KLP, med pensjonsrettighetar
  • Haukeland universitetssjukehus er ein IA-arbeidsgjevar


Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Du har ikke knyttet nogen dokumenter til din ansøgning. Klik på 'OK' knappen nedenfor for at sende din ansøgning alligevel eller klikke på knappen "Annuller" og vedhæfte dokumenter, før du sender din ansøgning igen

Har du læst?
 

nr. 14/2016