Gem annonce
Helse Førde

Helse Førde,

Norge
10-10-2017

Overlege - Medisinsk avdeling / Medisinsk seksjon Lærdal

Kontakt

Helse Førde

Tlf: (+47) 57640054 / 95052246
Praktisk information
Oprettet:
10-10-2017
Udløber:
01-11-2017
Kviknummer:
LJA-50045271
Jobtype:
Fuldtid
Arbejdsområde:
Gastroenterologi og hepatologi,
Intern medicin,
Kardiologi
Beliggenhed

Helse Førde

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,9 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

 

Lærdal sjukehus (LSH) er lokalsjukehus for kommunane i Indre Sogn.

Medisinsk seksjon v/LSH har 4 overlegestillingar og 4 LIS 1 (turnuslegar), samt ein LIS 2 i sideutdanning til almenmedisin, i døgndrift. Seksjonen har sengepost med 15 sengar, der 3 av desse er overvakingssengar. I tillegg har ein poliklinikk med bl.a. kardiologi, hjarterehabilitering, gastroenterologi og infusjonar, og 4 satelittdialyseplassar. Det er tett fagleg samarbeid mellom LSH og Førde sentralsjukehus.

 

Ein ønskjer primært lege på heiltid, men det er mogleg å søkje deltidsstilling. Stillinga inngår i 4-delt vaktordning. Startdato: etter avtale.

 

Lærdal kommune har om lag 2200 innbyggarar, med Lærdalsøyri som sentrum. Her er unik natur med fjord og fjell, gode kulturtilbod og kort reiseavstand til stadar som Sogndal, Hemsedal og Filefjell.

 

For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon.

Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.

 

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene er knytt til poliklinisk verksemd, sengepost- og vaktarbeid
  • Tilpassing av arbeidsoppgåver kan vurderast ved evt. deltidstilsetjing

 

Kvalifikasjonar

  • Vere autorisert som spesialist i indremedisin, helst også med greinspesialitet innan kardiologi eller gastroenterologi.
  • Ha erfaring frå sengepost- og poliklinisk arbeid. Må vere rettleiar for LIS 1.
  • Det blir gitt opplæring i aktuelt utstyr og datasystem.

 

Utdanningsretning

  • Medisin


Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium


Personlege eigenskapar

  • Bidra til godt samarbeid
  • Kunne kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg

 

Språk

  • Norsk


Vi tilbyr

  • Støttande, aktivt og trygt arbeidsmiljø
  • Hjelp med å skaffe bustad
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Du har ikke knyttet nogen dokumenter til din ansøgning. Klik på 'OK' knappen nedenfor for at sende din ansøgning alligevel eller klikke på knappen "Annuller" og vedhæfte dokumenter, før du sender din ansøgning igen

Har du læst?
 

nr. 14/2016