Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus,

Bergen
06-04-2018

Radiolog - Brystdiagnostisk Senter (BDS)

Kontakt

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus

Haukelandsveien 22
5021
Bergen
Norge
Praktisk information
Oprettet:
06-04-2018
Udløber:
30-04-2018
Kviknummer:
LJA-58730433
Jobtype:
Fuldtid
Arbejdsområde:
Diagnostisk radiologi
Beliggenhed
Bemærk at denne jobannonce er udløbet!
Ansøgningsfristen for jobannoncen er overskredet, og stillingen kan ikke længere søges. Opslaget vises udelukkende som reference

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no  eller facebook.

 

Radiologisk avdeling er ei avdeling i stadig utvikling. Vi har ca 250 flinke og engasjerte medarbeidarar. Avdelinga har ein moderne utstyrspark, og nyttar Agfa IMPAX og DIPS. Brystdiagnostisk senter er ein del av Radiologisk avdeling og er ein moderne seksjon innan mammografiscreening og klinisk verksemd.

 

Avdelinga utfører ca. 8500 undersøkingar kvart år, og har i tillegg ein screening cohort på ca. 54 000 kvinner. Vi har 3 mammografiapparat, 4 ultralydapparat og utfører vanleg digitalmammografi, tomosyntese og kontrastmammografi, samt biopsering (ultralyd- og røntgenveiledet), vakuum biopsi og cytologiske undersøkingar. Radiologane har også ansvar for tolking av MR mamma tatt på Radiologisk avdeling.

 

Radiologane arbeider sjølvstendig og utfører både radiologiske og klinisk undersøkingar. Vi jobber tett opp mot våre kliniske samarbeidspartnarar med regelbundne demonstrasjonar og MDT møte. Vi legg vekt på eit godt miljø på avdelinga, med fleksibilitet og eit godt samarbeid oss i mellom for å løyse dei oppgåvene avdelinga er tildelt. Avdelinga flyttar til nye, moderne lokale hausten 2018.

 

Vi har ledig ei fast stilling som overlege ved Brystdiagnostisk senter.

 

Arbeidsoppgåver

 

  • Seksjonsarbeid, tolking av undersøkingar i fagfeltet brystdiagnostikk

  • Ultralydsverksemd

  • Rettleiing av dei LIS-legane som til ein kvar tid har teneste ved seksjonen

 

 

Kvalifikasjonar

 

  • Søkjar må ha norsk autorisasjon og vere spesialist i radiologi

  • Erfaring og interesse for brystdiagnostikk vil telje positivt for søknaden

  • Søkjar må ha gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg

 

 

Utdanningsretning

 

  • Medisin

  • Utdanningstittel: Radiolog

  • Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium

 

 

Personlege eigenskapar

 

  • Vi søkjer personar med ei positiv innstilling og fagleg engasjement

  • Gode evner til samarbeid og til å bidra til eit godt arbeidsmiljø

  • Evne til å prioritere for å gje pasientane best mogleg utgreiing og behandling

 

 

Vi tilbyr

 

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø

  • Høgt fagleg nivå

Udvalgte job
Lignende job
Region Midtjylland
Midtjylland
Hæmatologisk Afdeling X Odense
Odense, Fyn
Har du læst?
 

nr. 14/2016