Helse Møre og Romsdal HF

Helse Møre og Romsdal HF,

Møre og Romsdal
26-08-2021

Spesialist i medisinsk biokjemi

Kontakt

Helse Møre og Romsdal HF

Nøysomhetsveien 12
6416
Molde
Norge
Praktisk information
Oprettet:
26-08-2021
Udløber:
01-10-2021
Kviknummer:
LJA-82573431
Jobtype:
Fuldtid
Arbejdsområde:
Klinisk biokemi
Beliggenhed
Bemærk at denne jobannonce er udløbet!
Ansøgningsfristen for jobannoncen er overskredet, og stillingen kan ikke længere søges. Opslaget vises udelukkende som reference

AVDELING FOR MEDISINSK BIOKJEMI, Helse Møre og Romsdal HF    

Avdeling for medisinsk biokjemi i Helse Møre og Romsdal, HMR, er organisert på tvers ved sjukehusa i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda. I avdelinga er det tilsett to spesialistar innan medisinsk biokjemi i tillegg til bioingeniørar og helsesekretærar.

Laboratoria i HMR har døgnaktivitet og tilbyr analysar innan fagområda hematologi, klinisk kjemi, hormonar, proteinar, allergi, medikamentanalysar og transfusjonsmedisin.

HMR byggjer no nytt sjukehus, Sjukehuset Nordmøre Romsdal, SNR, på Hjelset utanfor Molde. Det er planlagt å flytte inn i sjukehuset våren 2025.
For å ivareta den faglege kvaliteten ved valg av nytt analyseutstyr og implementering av analyseutstyr, søker vi no etter spesialist i medisinsk biokjemi. Den som blir tilsett vil få stor påverknad i oppbygginga av nytt medisinsk biokjemisk laboratorium ved SNR. 

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.

Arbeidsoppgåver
  • Medisinsk fagleg rådgiving for dei kliniske avdelingane i HMR
  • Medisinsk fagleg rådgiving for bioingeniørar og anna personell i avdelinga
  • Bidra ved kravspesifikasjon, fagleg vurdering og implementering av analyseutstyr ved SNR
  • Delta i avdelingsrådet og vere med å avgjere valg av nye analysar, diskutere kvalitetsutfordringar og andre faglege spørsmål 
  • Halde interne og eksterne førelesingar 
  • I avdeling for medisinsk biokjemi er seksjonen i Ålesund akkreditert. Arbeidsoppgåver knytt til akkreditering i øvrige seksjonar i avdelinga.                                                 
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Spesialist i medisinsk biokjemi
  • Beherske eit eller fleire skandinaviske språk, skriftleg og munnleg
  • LIS med kort tid igjen av spesialiseringa kan også søke 
Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeidsevner og god til å finne løysingar
  • Stor arbeidskapasitet og omstillingsdyktig
  • Initiativrik, nøyaktig og strukturert
  • Evne til å arbeide sjølvstendig   
Vi tilbyr
  • Vere med å bygge opp nytt moderne laboratorium ved SNR 
  • Godt arbeidsmiljø prega av samarbeid og kvalitet
  • Tydelige ansvarsforhold og godt samarbeid internt og mot øvrige kliniske miljø 
  • Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
  • Ingen vaktordning i avdelinga 
  • Fantastisk natur med vakre fjell og spektakulære fjordlandskap  

Brit Valaas Viddal
Avdelingssjef
+47 70105482 / mobil:+47 41400934
brit.valaas.viddal@helse-mr.no                        

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!

For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

Har du læst?
 

nr. 14/2016