Bemærk at denne jobannonce er udløbet!
Ansøgningsfristen for jobannoncen er overskredet, og stillingen kan ikke længere søges.
Opslaget vises udelukkende som reference
Medisinske legar Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Vil du bli med på laget vårt i det vakreste fylket i verda?
Vi har ledig ei spanande stilling for Lege spesialisering innan nevrologi ved nevrologisk poliklinikk ved medisinsk avdeling, Klinikk Ålesund sjukehus. Tilsetting kan skje etter avtale.
Nevrologisk poliklinikk har 4 overlegar. Vi har utgreiing og behandling av nevrologiske sjukdommar som hodepine, ms, parkinson, epilepsi medfleire. Dei fleste nevrologiske pasientkategorier og problemstillingar blir håndtert hos oss. Seksjonen har eige KNF-laboratorium for EEG/ENG/EVP under tolkning fra nevrofysiolog St.Olav. Vi samarbeider tett med medisinsk avdeling, spesielt slagenheten som er organisert under geriatrisk seksjon.
Som du ser, har vi mange spanande og utfordrande arbeidsoppgåver. Men like viktig er at du blir ein del av eit fagleg sterkt og hyggeleg arbeidsmiljø som arbeider for best mogleg pasientbehandling. Vil du vite meir om oss, og korleis det er å jobbe og bu i det vakraste fylket i Norge? Ikkje nøl med å ta kontakt. Vi ser fram til å få deg med på laget!
Ålesund sjukehus ligg omkransa av flott natur, fjord og fjell. Ålesund kan tilby urbant og rikt kulturliv med konsertar og festivalar. Vi har nærleik til ekstreme naturopplevingar både sommar og vinter,somtoppturar i Sunnmørsalpane og padling i havgapet. Vil du lese meir om regionen vår, sjå her: Visit Sunnmøre og Visit Ålesund
Arbeidsoppgåver
- Klinisk arbeid på poliklinikk
- Delta i tilsyn og vurderinger ved andre avdeling under veiledning av overlege
- Utviklings- og forbetringsarbeid
- Internundervisning
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Du kan også søke om spesialitet innan nevrologi er oppnådd
- Kommunikasjon- og samarbeidsevner internt og eksternt
- Evne til fleksibilitet
- Gode språkkunnskaper i norsk/skandinavisk, både muntleg og skriftleg
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevne internt og eksternt
- Vere innstilt på å yte service
- Vise engasjement
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Det kan bli aktuelt med rotasjon til andre sjukehus i foretaket for å oppnå læringsmål knytt til spesialistutdanninga slik det framgår av offentleg utdanningsplan. Dette vil også framgå av din individuelle utdanningsplan.
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Opne vegbeskriving
Kontaktinformasjon
Jørn-Åge Longva
Seksjonsleiar
+47 70105651
Jorn-Age.Longva@helse-mr.no
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova 25).
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal