Psykiatrisk klinikk, Helse Førde
Vil du bli overlege for ei regiondekkande rusbehandling på Vestlandet?
På Tronvik i Høyanger kommune driv Helse Førde ein døgnseksjon med 15 plassar. Vi behandlar pasientar frå Vestland og Rogaland. Tilbodet blir no utvida med 5 plassar.
Tronvik er ein av Helse Vest sine behandlingsstadar for rusavhengige. Vi er ein offentleg klinikk med individuelt tilrettelagt rusbehandling med høg kompetanse innan rusomsorg. Rus døgn Tronvik har levert svært gode resultat over mange år. Vi ønskjer å hjelpe fleire til eit rusfritt liv.
Behandlinga på Tronvik tilbyr oppfølging av primærteam, individualterapi, gruppeterapi, somatisk oppfølging, familie/pårørandearbeid, systematisk fysisk aktivitet, samt fokus på søvn, kvile, livsstil og kosthald. Vi har gjennom mange år utarbeidd gode system for brukarmedverknad og har erfaringskonsulent tilsett.
Bli med oss på Tronvik
Vi søkjer no etter overlege som er spesialist i anten rus- eller avhengigheitsmedisin, psykiatri, allmennmedisin eller generell indremedisin. Tronvik har i dag overlege, psykologspesialist, kliniskbehandlar, gruppeterapeutar, sosialkonsulentar, helsesportspedagogar, aktivitørar og kring 25 sjukepleiarar/vernepleiarar/miljøterapeutar.
Seksjonen på Tronvik høyrer under psykiatrisk klinikk i Førde. Klinikken har sentralsjukehusoppgåver i Helse Førde og er distriktspsykiatrisk senter for Sunnfjord og Ytre Sogn. Her driv vi også akutt og tryggleikspost, vaksenhabilitering og tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Klinikken har 23 legestillingar, av desse er 13 overlegeheimlar. Du blir ein del av dette fagmiljøet.
Tronvik held til i gode lokale i vakre omgivnader ved Sognefjorden. Pasientane har god plass til å utfalde seg med mange aktivitetar.
Seksjonen har fått midlar til å styrke seg som behandlingsstad for innbyggarane i Vestland fylke. Vi tek dette som ei anerkjenning av tilbodet vi har utvikla. I tillegg til overlege skal vi styrke behandlinga med psykolog, musikkterapeut, behandlar og miljøpersonell.
Vi ønskjer å ha deg med på laget i det spennande arbeidet som ligg føre oss. Du vil få fridom og ansvar til å etablere Tronvik som sentral plass for rusbehandling på Vestlandet. Les meir om Tronvik her.
Søk då vel!
Arbeidsoppgåver
- Hovudoppgåva er å vurdere, diagnostisere og behandle tilviste pasientar
- Den som vert tilsett må ventast å ta del i utvikling av fagtilbodet ved avdelinga
- Ein må pårekne å gjere teneste ved sengepostar og poliklinikk etter dei behov avdelinga har
- Rettleiing/opplæring til legar i spesialisering og anna helsepersonell
- Samarbeid internt og med eksterne samarbeidspartar
Kvalifikasjonar
- Spesialist i enten rus- og avhengighetsmedisin, psykiatri, allmennmedisin eller i generell indremedisin
- LIS3 som har under 1 år igjen til å bli psykiater kan også bli vurdert for stilling som overlege.
- Gode språkkunnskapar, både skriftlege og munnlege, er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
- Kvalifiserte søkjarar kan få tilbud om vidare utdanningsløp med tanke på å bli spesialist i rus- og avhengighetsmedisin
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
- Du må ha førerkort i klasse B
Personlege eigenskapar
- Du har humor, ro, tålmodigheit og empati
- Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Etter nærare avtale kan vi vere behjelpeleg med å skaffe bustad
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Adresse:Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Norge

Opne vegbeskriving (i ny fane)
Kontaktinformasjon
Elin Lysne
Seksjonsleiar Rus døgn
Telefon:(+47) 577 14 316 /905 13 981
Svein Ove Alisøy
Avdelingsjef
Telefon:(+47) 918 16 510
Sigmund Bjørhovde
Seksjonsleiar Behandlere
Telefon:(+47) 578 39 470
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3,2 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.