Hudavdeling, Helse Førde
Hudavdelinga i Helse Førde har ledig fast stilling som overlege i hud- og veneriske sjukdommar. Om det ikkje kjem kvalifiserte søkjarar til overlegestillinga, kan LIS3 bli mellombels tilsett.
Hudavdelinga består av 5 poliklinikkar fordelt på ulike lokalisasjonar i det geografiske området Sogn og Fjordane. Poliklinikkane er lokalisert ved Førde sentralsjukehus, Lærdal sjukehus, Nordfjord sjukehus, ISP i Sogndal og SMS i Florø. Den største poliklinikken er på Førde sentralsjukehus, og dette er hovudarbeidsstad.
Alle einingane driv lysbehandling og dei desentraliserte poliklinikkane har legedagar to dagar per månad. Avdelinga har og eigen telemedisinsk poliklinikk i Audnedal. Avdelinga har tre overlegar, ein konstituert overlege og ein LIS3. Les meir om Helse Førde HF.
Førde som plass å arbeide og busetje seg kan du lese om her: Sunnfjord kommune
Mangfaldserklæring Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
nr. 14/2016