Ny søgning
Region
Arbejdsområde
Ansættelsesvilkår
Opret en jobagent og få nye jobannoncer direkte i din indbakke

Annoncer:

Psykiater/overlege

Poliklinikk psykisk helse DPS Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Helse Møre og Romsdal styrkar det polikliniske tilbodet ytterlegare. I den samanheng søker vi etter psykiaterar som vil vere med å utvikle og bygge vidare på vårt tilbod ved Ålesund DPS poliklinikk psykisk helse.

Poliklinikken har i dag 42 behandlarstillingar fordelt på eit Gruppebehandlingsteam, eit ROP- team og fire ulike allmennteam. Saman gir vi i dag eit breitt og variert tilbod til våre pasientar. Vi har spissa utredningskompetanse og stor breidde av behandlingstilnærmingar til ulike psykiatriske lidingar som behandlast i spesialisthelsetenesta. Vi har i dag 15 spesialistar fordelt på dei ulike teama.

Vi har dei siste åra arbeida med å utvikle ei organisering slik at den einskilde kan bruke meir tid på å bli god på nokre oppgåver. Vi erfarer at dette gjer både arbeidskvardagen og det faglege tilbodet betre. Fagfolka har eit stort fokus på å utvikle vårt tilbod i tråd med behova til våre pasientar.

Vi styrkar no vårt eksisterande tilbod, samstundes som vi ønskar å utvikle eit nytt tilbod i form av eit Tidleg avklaringsteam. Målet er at flest mogleg pasientar skal få rett behandling til rett nivå, til rett tid.

Vi søker psykiaterar som likar å tenkje nytt, engasjerer seg i faget og pasientane, likar teamarbeid og samstundes kan jobbe sjølvstendig. Stillingane inngår i poliklinikken, då vi styrkar heile tilbodet.

Vi ber om at vitnemål og attestar vert skanna og lasta opp som vedlegg til din CV i webcruiter.

Arbeidsoppgåver

  • Utredning, diagnostisering og behandling av menneske med psykiske lidingar
  • Deltaking i inntaksarbeid, i samarbeid med andre spesialistar
  • Deltaking i tverrfaglege behandlingsmøter
  • Medisinvurderingar av teamets pasientar ved behov
  • Samarbeid med medarbeidarar i poliklinikken og øvrige einingar i DPS, og ellers i klinikken
  • Herunder deltaking i klinikkens vaktordning og oppfølging av pasienter på TUD

Kvalifikasjonar

  • Godkjent spesialist i psykiatri
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Erfaring frå poliklinisk arbeid
  • LIS kan òg søkje dersom det er mindre enn 6 mnd til forventa sluttført utdanning

Personlege eigenskapar

  • Positivt innstilt til nye arbeidsformer innan psykiatri/ psykisk helsevern
  • Evne til å sette pasienten sitt behov i fokus
  • Fleksibilitet kring arbeidsoppgåver
  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Personleg egnaheit vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Eit fagmiljø som vil utvikle framtidas helseteneste 
  • Rekrutteringstillegg ved godkjent spesialisering
  • Løn etter gjeldande overeinskomst
  • Godt og støttande arbeidsmiljø med fagleg engasjerte kollegaer
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning med yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande verksemd

Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan óg oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omegn her

Kontaktinformasjon

Håvard Helgesen
Seksjonsleiar
E-post:havard.helgesen@helse-mr.no

Om arbeidsgivaren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga.AL 400 300 Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

 



🕑  |  Ålesund  |  2024-04-21 23:59:00

Ansøg her

Praktisk information
Virksomhed
Helse Møre og Romsdal HF
Arbejdssted
Geilebergveien 20
NO6017 Ålesund
Kontakt
Håvard Helgesen
havard.helgesen@helse-mr.no
Kviknummer
LJA-1114
Ansættelsesvilkår
Cheflæge/Overlæge,Fuldtid
Arbejdsområde
Psykiatri
Ansøgningsfrist
21-04-2024 23:59



Retur til søgning

Annoncer:

Praktisk information
Virksomhed
Helse Møre og Romsdal HF
Arbejdssted
Geilebergveien 20
NO6017 Ålesund
Kontakt
Håvard Helgesen
havard.helgesen@helse-mr.no
Kviknummer
LJA-1114
Ansættelsesvilkår
Cheflæge/Overlæge,Fuldtid
Arbejdsområde
Psykiatri
Ansøgningsfrist
21-04-2024 23:59