Overlege radiologi
Radiologisk avdeling, Førde sentralsjukehus har ledig to nyoppretta stillingar som overlege i radiologi.
Avdelinga har om lag 70 tilsette fordelt på fire lokalisasjonar. Totalt har vi 15 legar tilsett i avdelinga der dei fleste overlegane, og alle LIS, har arbeidsstad ved Førde sentralsjukehus.
Seksjonen i Førde har CT, MR, ultralyd, konvensjonell røntgen, gjennomlysning og mammografi/BDS (Brystdiagnostisk senter). Vi har SECTRA RIS/PACS som er felles system i Helse Vest.
Vi søkjer ein kompetent radiolog som kan bidra til eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø. Overlege inngår i vakt, med LIS i forvakt.
Tilsetjing snarast, eller etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Diagnostikk og pasientbehandling
- Generell radiologi
Kvalifikasjonar
- Søkjar må ha norsk autorisasjon som spesialist i radiologi
- Gode kunnskaper i norsk, både munnleg og skriftleg
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
Personlege eigenskapar
- Strukturert
- Pasientorientert
- Sjølvstendig
- Engasjert
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskaper vil verte vektlagde
Vi tilbyr
- Gode løns- og arbeidsvilkår
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Rekrutteringstillegg
- Hjelp med bustad
- Triveleg arbeidsmiljø og høgt fagleg fokus
- IA- bedrift (inkluderande arbeidsliv)
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Børge Stavland
Avdelingssjef
Telefon:+47 57839393
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
🕑 | Førde | 2024-11-14 23:59:00
Ansøg her
Helse Førde
Svanehaugvegen 2
NO6812 Førde
Børge Stavland
+47 57839393
LJA-1990
Cheflæge/Overlæge,Fuldtid
Arbejdsområde
Radiologi
14-11-2024 23:59
Retur til søgning