Ny søgning
Region
Arbejdsområde
Ansættelsesvilkår
Opret en jobagent og få nye jobannoncer direkte i din indbakke

Annoncer:

Overlege hud- og veneriske sjukdommar, ev. LIS3

Hudavdelinga i Helse Førde har frå 01.03.2025 ledig stilling som overlege i hud- og veneriske sjukdommar. Dersom det ikkje kjem kvalifiserte søkjarar til overlegestillinga, kan LIS3 bli mellombels tilsett.

Hudavdelinga består av 5 poliklinikkar fordelt på ulike lokalisasjonar i det geografiske området Sogn og Fjordane. Poliklinikkane er lokalisert ved Førde sentralsjukehus, Lærdal sjukehus, Nordfjord sjukehus, Indre Sogn Psykiatrisenter i Sogndal og Sunnfjord Medisinske Senter i Florø. Den største poliklinikken er på Førde sentralsjukehus, og dette er hovudarbeidsstad.

Alle einingane driv lysbehandling, og dei desentraliserte poliklinikkane ved Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus har legedagar to dagar per månad. Avdelinga har og eigen telemedisinsk poliklinikk i Audnedal. Avdelinga har per no 2,4 overlegar og 3 LIS 3. Les meir om Helse Førde HF.

Her kan du lese om Førde som plass å arbeide og busetje seg i:  Sunnfjord kommune

Arbeidsoppgåver

  • Hudavdelinga i Helse Førde har spesialisthelsetenesteansvar for innbyggjarane i det geografiske området Sogn og Fjordane innan fagområdet hud- og veneriske sjukdommar.
  • Arbeidsoppgåver er til dømes utgreiing og behandling av ulike maligne og premaligne tilstandar i huda, psoriasis, eksem, allergologiske utgreiingar, sårbehandling, mindre kirurgiske inngrep m.m.
  • Avdelinga brukar videokonsultasjonar der dette er teneleg. Alle einingane driv lysbehandling.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Spesialist i hud- og veneriske sjukdommar med norsk godkjenning. LIS3 kan bli mellombels tilsett om ein ikkje får søkjar med spesialistutdanning.
  • Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
  • Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå

Personlege eigenskapar

  • Stillinga krev evne til å jobbe sjølvstendig og i tverrfaglege team
  • Du handsamar pasientar og pårørande profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og syner respekt
  • Du er målretta, arbeidsvillig og får oppgåvene gjort
  • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
  • Du må ha gode samarbeidsevner, ha positiv innstilling og bidra til eit godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Rekrutteringstillegg for overlege
  • Legar får avtale om utvida arbeidstid ved deltaking i arbeid ved utepoliklinikkane
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar  
  • Tett samarbeid med dei andre legane i avdelinga og erfarne sjukepleiarar
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Hjelp til å skaffe bustad og barnehage
  • Overlege kan få støtte til husleige med inntil kr 10.000 per månad i eit år
  • Gode oppvekstvilkår for born
  • Flott natur med fjord og fjell og svært gode tilhøve for friluftsliv
  • Førde har og eit rikt tilbod innan kultur, fritidstilbod og handelsnæring

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.



🕑  |  Førde  |  2025-01-05 23:59:00

Ansøg her

Praktisk information
Virksomhed
Helse Førde
Arbejdssted
Svanehaugvegen 2
NO6812 Førde
Kontakt
Ingvild Sunniva Helgheim Hatten
+47 977 84 999
Kviknummer
LJA-2209
Ansættelsesvilkår
Fuldtid
Arbejdsområde
Dermato-venerologi
Ansøgningsfrist
05-01-2025 23:59



Retur til søgning

Annoncer:

Praktisk information
Virksomhed
Helse Førde
Arbejdssted
Svanehaugvegen 2
NO6812 Førde
Kontakt
Ingvild Sunniva Helgheim Hatten
+47 977 84 999
Kviknummer
LJA-2209
Ansættelsesvilkår
Fuldtid
Arbejdsområde
Dermato-venerologi
Ansøgningsfrist
05-01-2025 23:59