
Overlege i fysikalsk medisin og rehabilitering/erfaren LIS lege
ER DU SPESIALIST I FYSIKALSK MEDISIN OG REHABILITERING/ERFAREN LIS?
Har du lyst til å jobbe med ein spennande og innhaldsrik spesialitet i lag med trivelege kollegaer, og låg vaktbelastning? LØP OG SØK!
Vi har ledig 2 faste stillingar som overlege med spesialitet innan fysikalsk medisin og rehabilitering frå snarast eller etter avtale.
Seksjonen inneheld;
- Sengepost med 20 rehabiliteringssenger, 4 rehabiliteringssenger på pasienthotell, ambulante tenester og poliklinisk oppfølging før og etter innlegging
- Poliklinikk for fysikalsk medisin og nevropsykologi, inklusiv "Helse i arbeid"-tilbod
- Seksjonen har 7 overlegestillingar og 4 LIS-stillingar
Ved rehabiliteringssengeposten gir vi spesialisert rehabilitering til pasientar frå heile fylket med mellom anna:
- Traumatiske hjerneskader
- Hjerneslag
- Nevrologiske lidingar
- Ryggmargsskade
- Komplekse multitraumer og intensivoverlevere
- Amputasjonar
- Kreft med CNS-affeksjonar
Fysikalsk medisin og nevropsykologisk polklinikk har eit breispektra poliklinisk tilbod innan:
- Muskel- skjelettplager inkl HelseIArbeid
- Nevropsykologi
- Førarkortvurderingar
- Spastisitetspoliklinikk
- Oppfølging av underekstremitetsamputasjonar
Vi søkjer engasjerte medarbeidarar som likar faglege utfordringar og aktivt kan bidra i å utvikle kvalitet på det tverrfaglege tilbodet.
Sjå og vår instagram konto: Fysmed_alesund_hmr. Vi håpar å høyre frå deg!
Vi ber om attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Sengepostarbeid
- Poliklinisk arbeid
- Det er forventa at ein deltek i seksjonen si vaktordning: Heimevakt 16-21 på kvardagar og 9-14 i helg
- Overlege går hovedsakleg bakvakt utan utrykningsplikt
- Vaktfri på røde dager i jul og påske!
- Veiledning av LIS
- Deltaking i forbetringsarbeid og undervisning av 4.års medisinstudentar
Kvalifikasjonar
- Oppnådd spesialitet i fysikalsk medisin og rehabilitering
- Lege i spesialisering med relevant erfaring vert òg oppmoda til å søkje på stillinga
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- Norsk autorisasjon som lege
Personlege eigenskapar
- Du er fleksibel, løysingsorientert og initiativrik
- Du har gode samarbeidsevner, og har evne og interesse for tverrfagleg samarbeid
- Du har gode kommunikasjonsevner
Vi tilbyr
- Varierte oppgåver i eit tverrfagleg miljø med ca 10 ulike faggrupper
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Vaktordning med heimevakt 16-21 på kvardagar og 9-14 i helg,
- Vaktfri på raude dagar i jul og påske
- Ein fremtidsretta arbeidgivar som hensyntar alle livsfasar
- Internundervisning og fagutvikling
- Rabattavtaler på treningssenter og sportskjeder
- Deltaking i seksjonen si eiga løpe- og/eller innebandygruppe
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
🕑 | Ålesund | 2025-08-17 23:59:00
Ansøg her
Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
NO-6017 Ålesund
Janne Tomtum
Janne.Tomtum@helse-mr.no
70105741
LJA-3614
Fuldtid
Arbejdsområde
Fysiurgi og rehabilitering
17-08-2025 23:59
Retur til søgning