
Overlegar i Fødselshjelp og Kvinnesjukdommar
Kvinneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus er regionssjukehus for Helseregion Vest og sentralsjukehus for Vestland fylke. Vi har universitetsfunksjon og driv forsking innan fagområda gynekologi og fødselshjelp.
Klinikken er delt inn i fødeavdelinga, gynekologisk avdeling (delt i seksjon for generell gynekologi og kreft), fostermedisin/ultralyd og assistert befruktning. Vi har årleg om lag 4500 fødslar og rundt 3000 operative inngrep. Vi har behov for å styrke overlegebemanninga ved fleire seksjonar og kan tilby ein utfordrande arbeidskvardag med god moglegheit for karriereutvikling innan klinisk kompetanse og forsking.
Vi ønsker nå å styrke bemanningen vår med spesialister til flere av våre avdelingar. Les meir om oss: Kvinneklinikken
Som overlege ved Kvinneklinikken vil du ha eit sjølvstendig fagleg ansvar og vere rettleiar for LIS, ei viktig rolle ved gjennomføring av den nye utdanningsmodellen. Alle legar deltar i fagutvikling og undervisning. Jobben fordrar stor fagleg interesse og engasjement. Vi har alltid fokus på kompetanse, pasientryggleik og brukarmedverknad. Kvinneklinikkens kjerneoppgåve er å gi gode helsetenester til kvinner på Vestlandet. Vi held til i nye topp moderne lokale og arbeider med løysingar for framtida. Det er derfor viktig at du som overlege kan bidra positivt inn i utviklingsprosjekt og forbetringsarbeid.
Ved Kvinneklinikken har vi fokus på godt arbeidsmiljø og vårt kollegium ønsker nye legar velkomne!
Arbeidsoppgåver
- Klinisk arbeid
- Vakt
- Forbetringsarbeid
- Undervisning og rettleiing
- Medansvar for god samhandling
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Spesialistgodkjenning i Fødselshjelp og Kvinnesjukdommar
- Medisinsk embetseksamen
- Gode kunnskaper i norsk og engelsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig, nøyaktig og målretta
- Gode kommunikasjonsevner og evne til å samhandle med pasientar, pårørande og på tvers av profesjoner
- Forskingsinteresse
- Evne til å prioritere under høgt arbeidspress
- Stor arbeidskapasitet
- Glede av godt teamarbeid
- Ønske og vilje til å bidra til eit positivt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø med høgt tempo
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Nye og moderne lokale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
🕑 | Bergen | 2025-11-09 23:59:00
Ansøg her
Helse Bergen
Haukelandsbakken 11
NO-5021 Bergen
Nils-Halvdan Morken
+47 92257114
LJA-4917
Cheflæge/Overlæge,Fuldtid
Arbejdsområde
Gynækologi,Gynækologi og obstetrik
09-11-2025 23:59
Retur til søgning




