
Overlege/spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdommar
Vi har rundt 500 fødslar i året, i låg til moderat risikogruppe. Vi har ikkje barneavdeling, men det er knytt barnelege til barselavdelinga. Anestesiseksjonen har ansvar for akuttsituasjonar med nyfødde. Innan gynekologi dekkjer vi utgreiing, behandling og operasjonar av alle vanlege gynekologiske tilstandar. Vi har eit tett og godt fagleg samarbeid med resten av sjukehuset lokalt, og med kvinneklinikken i Ålesund.
Vi er opptekne av fleksibilitet og ønskjer å finne gode løysingar for aktuelle kandidatar. Vi kan vurdere fleksible turnusløysingar og arbeidsplanar som gir moglegheit for samanhengande arbeidsfrie periodar, og vi er òg opne for å vurdere redusert stillingsprosent.
Du er velkomen til å ta kontakt med oss for meir informasjon!
Arbeidsoppgåver
- Du vil få spennande faglege oppgåver knytte til føde, barsel, poliklinikk, dagkirurgi, operasjon og sengepost. Vi vil truleg leggje opp til ei 5- eller 6-delt vaktordning, avhengig av talet på overlegar
- Du vil medverke til å utvikle fagområdet på sjukehuset
- Du vil vere ein pådrivar og inspirator i arbeidet med å utvikle tilbodet vårt
- Du har evne til å leie og arbeide godt i team
- Du deltek i og legg til rette for spesialistutdanning for LIS
Kvalifikasjonar
- Du har norsk autorisasjon som lege og norsk spesialistgodkjenning i fødselshjelp og kvinnesjukdommar
- Søkjarar som nærmar seg fullført spesialisering kan òg bli vurderte for stillinga
- Du meistrar norsk eller eit anna skandinavisk språk godt, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er fagleg dyktig og engasjert
- Du kommuniserer på ein måte som skaper tillit hjå pasientar og kollegaer
- Du trivst med ein aktiv og krevjande arbeidskvardag
- Du vil medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø
- Du er fleksibel og bidreg der kompetansen din trengst
- Personlege eigenskapar vert vektlagde ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i ei god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Hjelp til å skaffe bustad
- Godtgjersle i samband med flytting kan vurderast
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her.
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
🕑 Fuldtid | Volda, Norge | 2026-10-20 23:59:00
Ansøg her
Helse Møre og Romsdal HF
Volda sjukehus, Kløvertunvegen 1
NO6103 Volda, Norge
Vilde Lund Osdal
vilde.lund.osdal@helse-mr.no
976 24 413
LJA-8386
Fuldtid
Ansættelsesvilkår
Fuldtid
Arbejdsområde
Gynækologi
20-10-2026 23:59
Retur til søgning





