
Overlege psykiatri
Vil du vere med å forme framtidas psykiske helsetenester?
Vi har no ledig stilling for spesialist i vaksenpsykiatri. Hos oss får du ei sentral rolle i eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og eit godt tverrfagleg samarbeid. Du blir ein viktig bidragsytar i utviklinga av framtidas polikliniske tenester innan psykisk helsevern.
Om poliklinikken
Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund er ein allmennpsykiatrisk poliklinikk som tilbyr utgreiing og behandling til personar med moderate til alvorlege psykiske lidingar. Behandlingstilbodet omfattar samtaleterapi (individuelt og i grupper), medikamentell behandling og oppfølging av pårørande. Vi har brei kompetanse innan psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, EMDR, mentaliseringsbasert terapi, gruppebehandling og medikamentell behandling.
Poliklinikken har i dag 54,5 stillingar, inkludert seks overlegestillingar. Verksemda er organisert i fleire team: allmennteam, oppfølgingsteam, ROP-team og avklarings- og utgreiingsteam. I tillegg har vi eit ambulant akutteam og eit FACT-team som er lokalisert utanfor poliklinikken. Vi ønskjer å gå i dialog med deg som søkjer for å finne ei teamtilknyting og eit fagområde som samsvarar med dine interesser og kompetanse.
Di rolle som overlege
Som overlege vil du ha ei nøkkelrolle i diagnostisering, behandling og oppfølging av pasientar med samansette psykiske lidingar og avhengnadsproblematikk. Du vil bidra aktivt i tverrfaglege behandlingsmøte, samarbeide tett med andre faggrupper og vere ein viktig ressurs i kvalitetsforbetringsarbeid og utvikling av behandlingstilbodet. Rettleiing av LIS-legar og anna helsepersonell er ein naturleg del av rolla, og du vil få moglegheit til å bidra i internundervisning og fagutvikling.
Vi ønskjer å styrke kompetansen vår innan psykosebehandling, traumelidingar, spiseforstyrringar og behandling av kombinerte rus- og psykiske lidingar (ROP). Har du erfaring eller interesse for desse områda, er det eit stort pluss – men vi legg òg til rette for nødvendig opplæring og kompetanseheving.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar
- Aktiv deltakelse i tverrfaglege behandlingsmøter og samarbeidsfora
- Oppfølging og behandling av pasientar med komplekse behov, inkludert samansette psykiske lidingar og rusproblematikk
- Oppfølging av enkelte pasientar som er under tvunget psykisk helsevern (TUD)
- Bidra til kvalitetsforbedringsarbeid og utvikling av poliklinikkens behandlingstilbod
- Undervisning og rettleiing til primærhelsetenesten, studentar og øvrige tilsette i poliklinikken
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø med fokus på kompetanseheving og eit fagleg utviklande arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Norsk spesialistgodkjenning i psykiatri
- Annan relevant spesialitet vil verte vurdert
- Ønskjeleg med erfaring frå poliklinisk arbeid
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar (minimum B2-nivå)
- LIS 3 som har mindre enn 1 år igjen av spesialiseringa kan også søkje
Personlege eigenskapar
- Du er ein positiv, fleksibel og ansvarsbevisst kollega som trivast med både sjølvstendig arbeid og samarbeid i tverrfaglege team
- Du har sterke kommunikasjonsevner og er dyktig til å bygge relasjoner med pasientar, pårørande og samarbeidspartnera
- Du har evna til å stimulere og motivere kolleger og bidra til fagleg utvikling i teamet
- Du er ein person som ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og du har stor interesse for fagleg utvikling
Vi tibyr
- Eit stimulerende og variert arbeid i et fagleg sterkt og tverrfagleg team
- Store mogelegheiter for fagleg utvikling innanfor fleire spennande område
- Gode mogelegheiter for spesialisering, internundervisning og deltaking på nasjonale og internasjonale kongresser
- Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø med eit sterkt fokus på samarbeid og kunnskapsdeling
- Fleksible arbeidstidsordningar som gjer det enklare å kombinere jobb og fritid
- Rekrutteringstillegg for godkjent spesialisering
- Studiepermisjon på 4 månader kvart 5. år for spesialistar
- Tilrettelegging for rettleiing og kurs som bidrar til vedlikehald av spesialiteten
- Dekning av flytteutgifter etter gjeldande reglement og tilgang på andre attraktive ordningar for helsepersonell
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår som medlem i offentleg pensjonsordning, samt yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Byer vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
🕑 | Kristiansund | 2026-01-04 23:59:00
Ansøg her
Helse Møre og Romsdal HF
Hagan 9
NO-6516 Kristiansund
Jørgen Lægreid
Jorgen.Legreid@helse-mr.no
+47 928 49 056
LJA-5446
Cheflæge/Overlæge
Arbejdsområde
Psykiatri
04-01-2026 23:59
Retur til søgning



